|
Side 2 av 8 11 Betre byrdi du ber kje i bakken enn mannevit mykje. Med låkare niste du legg kje i veg enn ovdrykkje med øl. 12 Inkje så godt som godt dei seier er øl for manne-ætt. Di meir du drikk, di mindre vit mun du i hausen hava. 13 Gløymsle-hegren over gildet sit, han maktstel mange. I fjørene hans eg fjetra vart i garden hjå Gunnlòd. 14 Øren vart eg og ovdrukken hjå den frode Fjalar. Best er gildet, gjeng du ut att heil i sinn og sans. 15 Klok og tagal skal kongsson vera, frøkleg gange han fram. Gladvær og fjåg kvar gut skal svive til sin døyande dag. 16 Ein stakkar tykkjest han støtt må leva, når han strid mun sky. Men alderdomen gjev ingen mann fred, om spjut honom sparde. 17 Kópen glanar når til gilde han kjem, fumlar fåmen og mullar. Så snart han ein slurk av skjenken fær, då utan stans han sullar. 18 Han eine veit, som vide reiser og om mellom folk hev fari, kor vel sin hug han held i taum, kvar som veit kva vit er. 19 Spar ikkje mjøden, men med måte du drikk; sei det som tarvst eller tei! Ikkje nokon neise deg kan for du tidleg vil kvile om kveld. 20 Ov-etar, om han ikkje seg sansar, et seg heilt i hel. Mang ein tull vert for magen sin til lått mellom kloke karar.
|