Startsiden
 
Forsiden arrow Håvamål
Hovedmeny
Forsiden
Norrøne myter
Norrøn diktning
Ordliste
Brukermeny
Administrator
Innlogging





Glemt passordet?




Håvamål PDF Skriv ut Epost
Gå til side:
Håvamål
Vers 11 - 20
Vers 21 - 30
Vers 31 - 40
Vers 41 - 50
Vers 51 - 60
Vers 61 - 70
Vers 71 - 77


21
Bølingen veit når frå beite han skal
koma heim om kveld.
Men ovnøyta,
ho aldri veit
å høve mage-mål.

22
Vesal-mannen og meinkroken
alltid lastar og ler.
Ikkje han veit
det han vita turvte:
han sjølv hev last og lyte.

23
Vitlaus mann vaker all natti,
tenkjer både opp og ut.
Han er trøytt og mod
når morgonen kjem,
og alt er flokut som før.

24
Vanklok mann trur vel om alle
som hugblidt mun helse.
Ikkje han ser
at dei snaror legg han,
når han sit med kloke saman.

25
Vanklok mann trur vel om alle
som hugblidt mun helse.
Det ser han fyrst
når til tings han kjem:
av frendar eig han få.

26
Vanklok mann veit alt, han trur,
der mellom bergi han bur.
Men når framandfolk
honom finn,
rådlaus røynest han då.

27
Vanklok mann
som vankar ute,
det er tryggast han teier.
At lite han veit,
det varest ingen,
utan for mykje han mæler.

28
Frod den tykkjest
som frega kan
og sjølv eitkvart seia.
Ikkje nokon av løyner det
som ut er ført mellom folk.

29
Ovnøgdi mæler den som aldri teier,
bort i byr og heim.
Ei radmælt tunge
som låkt er tøymd
ofte seg ugodt gjel.

30
Til narr skal ingen ein annan hava,
om på gjesting han gjeng.
Ofte trur seg klok
den inkje vert spurd,
når trygt i ro han ruggar.


 
Neste >

Visdomsord
Sæl den som gjev!
Gjest er inn komen,
kvar finn han sess åt seg?
Brå vert den som
på brandom skal sitja
og føre ærend fram.
 
Norrøne myter
9 verdener
Urds brønn
Norrøn diktning
Håvamål
Voluspå