|
Side 4 av 8 31 Tykkjest gjest klok som tek til sprangs, når i gilde han gjest hev hædt. Han veit ikkje fullvel, den som flirer i laget, om han ikkje range folk råkar. 32 Mange gode grannar du finn som alltid må antrast i gilde. Opphav gjerest til æveleg strid, når gjest er rang imot gjest. 33 Ein dugleg åbit skal du eta jamleg, når du på gjesting vil gange. Då slepp du sitja svolten og kei, så du maktar lite å mæle 34. Omveg er jamt til utrygg ven, om midt i bygdi han bur. Men beinvegar gjeng til den gode venen, om han er langt av lei. 35. Gange skal du, gjest ei vere alltid på einom stad. Ljuv vert lei som lenge sit kyrr på annans krakk. 36. Eit lite bu er betre enn inkje, heime er kvar mann herre. Hev du geiter to og ein tausperra sal, då tarv du ikkje tigge. 37. Eit lite bu er betre enn inkje, heime er kvar mann herre. Hjarta bløder når beda du skal om mat til kvart eit mål. 38. Våpni sine skal mann på vollen ikkje gange eit fet ifrå. Uvisst er å vita når hjå vegom ute det spørjast kan etter spjut. 39. Ingen så gjevmild og gjestmild eg fann, han tok ikkje gåvor og takka. Eller så gjev-sæl med godset sitt, han ei lika med løn du takka. 40. Eigni di, som du avla deg hev, treng du kje spara for deg sjølv. Tidt til leie folk gjeng det til ljuve var tenkt, mångt verre gjeng enn ein vonar.
|