|
Side 5 av 8 41. Med våpen og klede skal vener gåvast, det vert på dei sjølve synt. Likt gjevande lengst er vener, om elles alt seg lagar.
42. Venen sin skal ein vera ven og løne gåve med gåve. Til lått skal mann med lått svara og møte ljuging med lygn.
43. Venen sin skal ein vera ven, honom og hans ven. Men med uvens ven venskap halde høver kje fagna folk.
44. Veit du ein ven som vel du trur, og du hjå han fagnad vil få: gjev han heile din hug og gåva ei spar, far og finn han ofte.
45. Veit du ein annan som ille du trur, og du fagnad vil likevel få: du fagert mæle, men falskt tenkje, og ljuging møte med lygn.
46. Eit ord til om den som ille du trur og ikkje kan lit til leggje: le skal du med han og låst vera ven; lik vere gåve og løn.
47. Ung var eg fordom, eg einsaman fór, vegvill då eg vart. Rik eg tottest når eg råka einkvar; mann er manns gaman.
48. Milde, modige menn lever best, dei el seg sjeldan sut. For alt ottast udjerv dreng, gjerug gryler når han fær.
49. Kledi mine kasta eg til tremenn to på voll. Kaute karar med kledi dei vart, neist vert naken mann.
50. Turkar toll som i tunet stend, det hjelp' korkje bork eller bar. Så er kvar mann som kjærleik vantar, kvi skal han lenge leva!
|