Startsiden
 
Forsiden arrow Håvamål
Hovedmeny
Forsiden
Norrøne myter
Norrøn diktning
Ordliste
Brukermeny
Administrator
Innlogging





Glemt passordet?




Håvamål PDF Skriv ut Epost
Gå til side:
Håvamål
Vers 11 - 20
Vers 21 - 30
Vers 31 - 40
Vers 41 - 50
Vers 51 - 60
Vers 61 - 70
Vers 71 - 77


51.
Heitar' enn eld brenn hjå ille vener
fagnad i fem dagar.
Men det sloknar
når den sjette kjem,
då all venskap versnar.

52.
Ikkje tarv gåvor så gilde vera,
ein ofte fangar lov for lite.
med ein liten braudleiv
og læta i staupet
eg fekk meg ein felage.

53.
Brand brenn av brand til brunnen han er,
loge kveikjest av loge.
Ved rødor ein mann
med menn vert kjend,
hen vert dott ved å dølja seg byrg.

54.
Grunne sjøar og grunne sandar,
og d'er grunt i hugen hjå mange.
Du ingen stad alle
jamkloke finn;
all stad er det båe slagi.

55.
Måteleg klok kvar mann vere;
ovklok vere han ikkje.
For sjeldan er hugnad
i hjara å finne
hjå honom som ovklok er.

56.
Måteleg klok kvar mann vere;
ovklok vere han ikkje.
Lettast er livet
å leva for den
som vel noko veit.

57.
Måteleg klok kvar mann vere;
ovklok vere han ikkje.
Sin lagnad ingen
øygne føreåt,
då er han sælast i sinn.

58.
I otta du rise vil du rikdom taka,
og vil du folk felle.
Sjeldan liggjande ulv
lammekjøt fær,
eller sovande mann siger.

59.
I otta du rise hev du onnfolk få,
og gange og garden din vitje.
Mangt øyder mann
som om morgonen søv;
rask er halvveges rik.

60.
Mål på turrved og tekkjenever
lyt mang-mannen vita;
kor stor ein ved-kost
som vara kan
heile halve året.


 
Neste >

Visdomsord
Eld han tarv som inn er komen
og om kne kulsar.
Til mat og klede
den mann hev trong
som hev i fjell fari.
 
Norrøne myter
9 verdener
Urds brønn
Norrøn diktning
Håvamål
Voluspå