Startsiden
 
Forsiden arrow Håvamål
Hovedmeny
Forsiden
Norrøne myter
Norrøn diktning
Ordliste
Brukermeny
Administrator
Innlogging





Glemt passordet?




Håvamål PDF Skriv ut Epost
Gå til side:
Håvamål
Vers 11 - 20
Vers 21 - 30
Vers 31 - 40
Vers 41 - 50
Vers 51 - 60
Vers 61 - 70
Vers 71 - 77


61.
Tvegen og mett ride mannen til tings,
om han dog klent er kledd.
Korkje brok eller skor
skjemmer nokon, og heller ikkje hesten,
om han er låk.

62.
Kurer og sturer, til sjøen komen,
ørn ved utgamle hav.
Slik er den mann
mellom mange folk
som eig frendar fåe.

63.
Frega og tala den frode skal,
om vis han heite vil.
Det ein veit,
er utrygt hjå to;
det tri veit om, det veit alle.

64.
Makti si må ein mann med vit
hovsamt og høveleg bruke.
Jamt han det finn
når hjå frøkne han kjem,
at ingen er aller best.

66.
Mykje for snart mangstad kom eg,
sumstad kom eg for seint.
Øl var drukki,
ubrygt sumstad,
sjeldan kjem lei til lags.

67.
Stundom til bords dei bedi meg hadde,
om eg ikkje trong mat til måls;
eller to kjøtlår hekk
hjå den trugne venen,
der eg eitt hadde eti.

68.
Eld på åren og sol på eng
er best for mannsens born,
helsa si
å hava heil
og lytelaust å leva.

69.
Endå ver kje vonlaus om hu veiknar, helsa;
sume av søner fær sæle,
sume av frendar,
sume av fe-eign,
sume av velgjort verk.

70.
Betre å leva enn livlaus vera,
kvik fær alltid ku.
Bål for rikmannen
brenne eg såg,
lik føre døri låg.


 
Neste >

Visdomsord
Sæl den som gjev!
Gjest er inn komen,
kvar finn han sess åt seg?
Brå vert den som
på brandom skal sitja
og føre ærend fram.
 
Norrøne myter
9 verdener
Urds brønn
Norrøn diktning
Håvamål
Voluspå