|
Side 8 av 8 71. Er du halt, kan du ride, handlaus gjæte, er du dauv, kan du duga i strid. Blind er betre enn brend å vera; daud mun ein lite duga.
72. Son er kjærfengd, om seint komen, etter faren før. Sjeldan bautasteinar nær brauti stend, utan frendar fekk dei reist.
73. Av to i ein her er tunga hovuds bane. Fram or kvar ei kufte kan det krjupe ei hand.
74. Den prisar natti som nista si trur, stutte er skips rær; hastig er haustnatti; på fem dagar er det så ymist med været, og endå meir på ein månad.
75. Aldri han trur det, som ikkje det veit, kor folk vert galne for gull. Ein er rik og ein annan fattig, legg det kje honom til last.
76. Døyr fe; døyr frendar; døyr sjølv det same. Men ordet om deg aldri døyr vinn du eit gjetord gjævt.
77. Døyr fe; døyr frendar; døyr sjølv det same. Eg veit eitt som aldri døyr, dom om daudan kvar.
|