1
Augo du bruke før inn du gjeng,
i kot og i kråom, i kot og i krokom.
For d'er uvisst å vita
kvar uvener sit
føre din fot.
2
Sæl den som gjev!
Gjest er inn komen,
kvar finn han sess åt seg?
Brå vert den som på brandom skal sitja
og føre ærend fram.
3

Eld han tarv som inn er komen
og om kne kulsar.
Til mat og klede
den mann hev trong
som hev i fjell fari.
4
Vatn og handduk han ventar å få,
når til bords han vert beden.
Syn godlaget fram,
så greileg du kan,
med ord og attbeding.
5
Vit han tarv som vidt skal fara;
d'er mangt heime høveleg.
Til bisn han vert
som veit for lite,
når han sit med kloke folk saman.
6
Av sin eigen klokskap kyte ingen,
men ver håvar i hug.
Når du gløgg og tagal
i gardane sviv,
du kjem ikkje brått i beit.
7
Grannvar mann,
til gjestebod komen,
teier med andre talar.
Lyder med øyro og med augo skodar,
veltenkt og føre var.
8
Sæl er den
som seg mun vinne
fagre ord av folk.
Endå det er ymist med det
du eig i annan manns barm.
9
Sæl er den som sjølv mun eige
livsens hugnad og heider.
For ofte hev menn
ille råder
aust or barmen hjå andre.
10
Betre byrdi du ber kje i bakken
enn mannevit mykje.
D'er betre enn gull
i framand gard;
vit er vesalmanns trøyst.