|
|
Side 2 av 7
11. Nye, Nide, Nordre, Sudre, Austre, Vestre, Altjov, Dvalin, Nå og Nåin, Nipung, Dåin, Bivur, Båvur, Bombur, Nore, Ån og Ånar, Åin, Mjødvitne.
12. Vigg og Gandalv, Vindalv, Torin, Trå og Tråin, Tekk, Lit og Vit, Ny og Nyråd, no hev eg dvergar - Regin og Rådsvinn - retteleg nemnt.
13. File, Kile, Fundin, Nåle, Hepte, Vile, Hanar, Sviur, Billing, Brune, Bild og Bure, Frå, Hornbore, Fræg og Lone, Aurvang, Jare, Eikinskjalde.
14. D'er tid til dvergar i Dvalins fylgje for mannelyden til Lovar å telja. Frå Sals steinar ut dei sette millom Aurvang-stader og Joruvollar.
15. Der var Draupne og Dolgtrase, Hå, Haugspore, Levang, Gloin, Dore, Ore, Duv, Andvare, Skirve, Virve, Skavid, Åe.
16. Alv og Yngve, Eikinskjalde, Fjalar og Froste, Finn og Ginnar; kjent skal vera, med folk er i verdi, langfedrar alle i Lovars ætti.
17. Til tri der kom av tjodi denne høge og hæve æser til husar. Fann dei på land lite maktande Ask og Embla utan lagnad.
18. Dei åtte 'kje ande eller åthug hadde, korkje let eller lag eller livsens varme. Ande gav Odin, åthug Høne, let fager Lodur og livsens varme.
19. Ask veit eg stande, heiter Yggdrasil, høgt tre, vatna med kvitande våg. Derfrå kjem dogg som i dalane fell. Stend alltid han grøn yver Urdarbrunnen.
20. Derfrå kjem møyar mangt vitande tri frå den sal, under treet stend.
Urd het den eine, den andre Verdande, dei runeskidur skar, Skuld den tridje. Dei lov lagde, dei liv kåra, for mannalyden dei lagnad segjer.
|
|
|
Visdomsord |
Vit han tarv som vidt skal fara; d'er mangt heime høveleg. Til bisn han vert som veit for lite, når han sit med kloke folk saman. |
|
|