Startsiden
 
Forsiden arrow Voluspå
Hovedmeny
Forsiden
Norrøne myter
Norrøn diktning
Ordliste
Brukermeny
Administrator
Innlogging





Glemt passordet?




Voluspå PDF Skriv ut Epost
Gå til side:
Voluspå
Vers 11 - 20
Vers 21- 30
Vers 31 - 40
Vers 41 - 50
Vers 51 - 60
Vers 61 - 66
Voluspå er eit Eddadikt som truleg vart til omkring år 1000. Volven minnest verdas skaping og gullalderen, korleis vondskap og strid kom inn i verda. Så går ho over til den eigentlege spådomen, fortel om den moralske oppløysinga i dei siste tider og Ragnarok, kampen mellom gode og vonde makter som endar med at jorda går under. Etterpå dukkar ei ny jord fram av havet, og gullalderen tek til.

Les mer på Wikipedia


Volven

1.
Um ljod bed eg alle
helga lydar,
store og småe
søner åt Heimdall.
Det vil du, Valfader,
at vel eg fortel
frå fyrndeheim
det som fyrst eg minnest.

2.
Jotnar eg minnest
i upphav borne,
dei som fordom
meg fostra hadde.
Nie heimar,
nie innvere,
heilagt stortre,
fyrr det spratt or mold.

3.
Årle i old
var det Yme bygde;
Korkje sand eller sjø
eller svale bylgjur;
jord var ikkje,
opphimmel ikkje;
var Ginnungagap,
men gras var ikkje,

4.
Fyrr Burs søner baud
bøar seg lyfte,
dei som Midgard
mætan skapte.
Sol skein sunnan
på steinar i sal,
då grodde grunnen
med grønan lauk.

5.
Sol kom sunnan,
syster åt månen,
slo høgre handi
om himmelhestar.
Sol ikkje visste
kvar salar ho åtte,
Måne ei visste
kvar makt han åtte,
stjernur ei visste,
kvar stader dei åtte.

6.
Tivar alle
på tingstolar gjekk,
dei høgheilage
heldo rådlag:
natt og near
namn dei gåvo,
morgon likeins
og middagsleite,
undorn og aftan,
til år å rekne.

7.
Hittast æser
på Idavollen,
og horg og hov
høgt dei timbra.
Dei avlar lagde
og eigner smidde,
dei tenger laga
og tòlar gjorde.

8.
Med tavl på tunet
dei trøydde seg glade
- var deim visst ikkje
vant på gull -
til tri der kom
tussemøyar
med avle og age
frå Jotunheimen.

9.
Tivar alle
på tingstolar gjekk,
dei høgheilage
heldo rådlag:
kven skal drosen
av dvergar skapa
or Brime sitt blod
og hans blåe leggjer.

10.
Vart Modsogne skapt,
mætast var han
av dvergar alle,
men Durin dernest.
Dei mannaskapnader
mange gjorde,
dverger, or jordi,
som Durin det sagde.


 
< Forrige

Visdomsord
Eld han tarv som inn er komen
og om kne kulsar.
Til mat og klede
den mann hev trong
som hev i fjell fari.
 
Norrøne myter
9 verdener
Urds brønn
Norrøn diktning
Håvamål
Voluspå